Songboki
Heim Kontakt
eiliv.no
Høyr tonane åt songen her:
MIDI Mp3 Notar
29.08.21

Nordmannen av Ivar Aasen

PDF med notar | MIDI

Denne songen vart skriven av Ivar Aasen i 1863, men vart umvølt fram til 1875. Aasen vilde hava tonane frå Dei vil alltid klaga og kyta, men det var tonesetjingi av Ludvig M. Lindeman som seinare vart mest kjend for denne songen.

  1.  Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

  2.  Han saag ut på dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.”

  3.  Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.

  4.  Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.

  5.  Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar på Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.

Strofor frå tidlegare utgåvor

Den «endelege» utgåva av songen, som me best kjenner henne, hev berre fem strofor, men ei eldre utgåva med åtta strofor er funni i Lauvduskar I-II frå 1868. Av desse var éi i stil med dei andre skildringane av landskapet, og kom etter andre strofa, men dei tvo sidste (sjaunde og åttande strofa) skil seg ut med kor aktuelle dei er um samfundet elles, både då og no.

Eine strofa tek fyre seg underkuingi og trældomen som oftast ligg attum rikdom og velferd, og strofa som fylgjer hèv seg yver tråi mot slik ei lìvevis. Samstundes dreg denne strofa den norske bonden upp som jamgod med meir prestigetunge rollor, og lèt folk vera byrge yver noko som gjenom tidene er vorte rekna som lægre og mindre gjævt.

Tridje, sjaunde og åttande strofa frå Lauvduskar I-II (1868), fyrst gjeve ut i ei stuttare utgåva året fyrr i bladet «17 Mai»:

  3.  Kring um Dalen stod Fjelli som Grindar,
men um Bergi var grasgrøne Band;
der han gjekk millom Heidar og Tindar,
og der saag han so vidt yver Land.

  7.  Sud um Havet han stundom laut skrida.
Der var Rikdom paa Benkjer og Bord;
men kring um saag han Trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.

  8.  Lat no andre om Storleiken kivast,
lat deim bragla med Rikdom og Høgd!
Millom Kaksar eg litet kann trivast,
millom Jamningar helst er eg nøgd.


Ei endå tidlegare utgåva, den fyrste som Ivar Aasen gav ut, skil seg endå meir frå dei seinre. Denne kom ut i Symra. Tvo Tylfter med nya Visor frå 1863:

  1.  Millom Bakkar og Berg ut med Havet
hever Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv hever Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.

  2.  Og han vandest til Vaagnad og Møda,
der han laut vera herdig og sterk;
og han høyrer med Hugnad si Røda
um stor Manndom og dugande Verk.

  3.  Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land.
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege Strand.

  4.  Naar han kom paa dei rikaste Leider,
saag han tidt, at han litet var kjend;
men han visste ein Vyrdnad og Heider,
som kan bu i den armaste Grend.

  5.  „Lat deim hava den Æra, dei kunna,
og sin Rikdom og Styrke dertil,
naar som berre dei meg vilja unna
at faa raada min Arv, som eg vil.”


Lykelord: Nordmannen tekst, Millom Bakkar og Berg, Mellom Bakkar og Berg